Funksjon
Flerbrukshall, idrettsflate, parkeringshus
Oppdragsgiver
Varegg IL / Bergen Kommune Idrettsavdelingen
Kontakt
Nils Johan Mannsåker
Sted
Sandviken, Bergen
År
2013 - 2021
Varegg Arena
Varegg Arena reguleringsplan og skisseprosjekt omfatter en kombinert flerbrukshall og parkeringshus som fjerner gateparkering i Sandviken for områdets beboere, med ny fotballbane for Varegg IL. Prosjektet er utarbeidet i Fortunen arkitektur AS. Nøkkelpersoner er nå i LPO Bergen AS. Detaljprosjekt er utført av arkitekt Rolf Eide AS og landskapsarkitekt er Arkitektgruppen Cubus AS.
+ Les mer
Funksjon
Flerbrukshall, idrettsflate, parkeringshus
Oppdragsgiver
Varegg IL / Bergen Kommune Idrettsavdelingen
Kontakt
Nils Johan Mannsåker
Sted
Sandviken, Bergen
År
2013 - 2021
Bakgrunn
Anlegget Varegg arena ligg i eit historisk svært viktig område, med to freda anlegg i umiddelbar nærleik, Christinegård lystgård først oppført 1763 og Mon plaisir lysthus oppført i 1836 av Michael Prahl. Mellom desse anlegga var det anlagt park. Parken har gjennom åra gått litt i oppløysing, og framsto ved prosjektstart som ganske fragmentert.
Mulebanen vart etablert i 1936, og fungerte som lokal idretts- / fotballarena fram til byggjestart av Varegg Arena i 2022.
Forfase
Arkitektgruppen Cubus lanserte idé om idrettshall under eksisterande idrettsbane overfor Varegg. I 2013 vart Fortunen arkitektur engasjert for å gjennomføra reguleringsprosess for eit slikt anlegg.
Program for prosjektet var då idrettshall og parkeringshus under ein reetablert Mulebane. Haldningane til prosjektet var todelt, - mange var overveiande positive til en ny, god løysing for idretten i området. Andre hadde frykt for negative konsekvenser for strøket m.a. med omsyn til parkeringsanlegg og trafikale utfordringar.
Reguleringsprosessen var svært komplisert. Plassering mellom to freda anlegg, og i ein historisk park var konfliktfylt, og arbeidskrevjande. Mange instanser hadde uttalerett, - og innsigelsesmulighet. Programmet for prosjektet var omfattande, og situasjonen svært pressa. I ein periode var det også barnehage plassert inn i anlegget. Denne var faktisk løyst, også med uteanlegg og leikeområde i den historiske parken. Men, barnehagen vart valgt bort på eit tidspunkt i prosessen. Kultur og visningsarealer var også i programmet. Det er no godt løyst ved eit desentralisert digitalt visningsanlegg i senteret.
Konsept og prosess
Endeleg gjennomført program vart landa med parkeringshus i botn, fleirbrukshall med garderobeanlegg og diverse treningsrom oppå dette, og publikumsarealer på toppen, under den reetablerte ballbanen. Reguleringsprosess var gjennomført med fleire folkemøter, med innsigelsar som måtte løysast, og med bearbeiding av program.
Reguleringsplan vart endeleg vedteken hausten 2021, etter 8 år. Som fylgje av mange strenge krav, høg utnyttelse og komplisert situasjon, vart prosjektet løyst og prosjektert i detalj under reguleringsprosessen. Dette skjedde i tett kontakt med Varegg, og med Idrettsetaten i Bergen kommune.
Anlegget er søkt innpassa i landskapet, som eit terrenganlegg, der adkomster for både publikum, brukarar og parkerande er anlagt så lite iøynefallande som råd. Forbindelsesliner på tvers av anlegget, via vegen Christingård og ved gangforbindelse i framkant av ballbanen, er lagt så skånsomt som råd i det bearbeidde terrenget. I bakkant, er terrengskjering i den eksisterande parken, utført i natursteinsmur, og også fanga opp ved tribuneanlegg og servicebygg i bakkant.
Gjennomføring
Reguleringsplan og tilhøyrande detaljert forprosjekt var vedteken hausten 2021. Anlegget vart finansiert ved tilskot frå Trond Mohn, og gjennomført mellom 2022 og 2024/25 av Backe Bergen AS entreprenør. Detaljprosjektering i gjennomføringsfase er utført av arkitekt Rolv Eide, med Arkitektgruppen Cubus som landskapsarkitekt. Prosjektet er gjennomført tilnærma identisk med forprosjektet som var utført av Fortunen arkitektur AS i reguleringsprosessen.
Sluttord
Anlegget har ein utfordrande situasjon og eit omfattande romprogram. Det er søkt løyst slik at anlegget flettar seg inn i situasjonen og tar tak i bevegelseslinjer i området. Uttrykksmessig er siktemålet å også gli saman med terreng og landskapsform, som ein mellomting mellom bygg og landskap, med vakre og harmoniske linjeføringar, trass sitt store omfang.
Kvaliteter på staden er samansette. Utgangspunktet var den gamle Mulebanen, som låg «innskoten» i landskapsskråning og den gamle parken. Nærleik til Mon plaisir og Christinegård er sterkt tilstade. Det har vore viktig å passa anlegget inn i situasjonen slik at begge dei historiske viktige anlegga fortsatt står fram med sin eigenart og karakter, og at Varegg Arena aktiviserer rommet mellom. Heile grunnlaget for prosjektet er særegenhet, i sitt program, og sitt grep i situasjonen og i landskapet.
I ferdig tilstand ligg Varegg Arena godt innpassa i situasjonen, og er eit svært viktig idretts- og kulturanlegg i bydelen. Anlegget er svært veldreve av Varegg, og fungerer som et inkluderande, inspirerande og funksjonelt idretts- og kulturanlegg. Heile anlegget er utvikla med sterkt fokus på universalitet i heile sitt innhald. Ikkje berre med tanke på bevegelse, men også som en sosialt viktig arena, for bydel og by.
Varegg Arena er gjennomført med målsetjing om å bidra til ei bærekraftig utvikling, god materialbruk, og kontrollert handtering av masser, trass sitt «dramatiske» grep.
Anlegget er tenkt å ha eit langt liv, med løysingar og materialbruk tilpassa dette.